torsdag 1. januar 2015

DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE TRÅ



"For rigtigt at forstaa, hvilken stor velsignelse alt dette er, bør I først gå over Grønland" sa Fridjof Nansen. Om me ikkje gjekk over Grønland, så tok me verkeleg ikkje minste motstands veg til Mariholtet i dag. Å komma seg til Mariholtet er ikkje vanskeleg, det tek berre ufatteleg lang tid. Og det på sjølvaste 1. nyttårsdag.







Fyrste nyttårsdag klokka 10.00. Eg vonar du var bakfull!


Losby var med nød passert før det 7 mann store laget tråkka seg over det eine attfrosne vatnet etter det andre. Bie vart reint nasjonalromantisk. Han ausa av seg superlativ om Østmarka, og tala høgt om naturoppleving og kor framifrå koseleg han hadde det. Me andre var meir opptekne av å ikkje gå gjennom isen. Ein ting skal isen ha, den stig ikkje nemneverdig. For ein som har næringsvettet i behald, og har ete seg opp i jula, var det godt å slippe nokre høgdemeter!








Med Bie høg på julegodt, og Aunefar på diett, gjekk det snøgt over vatten, røter og stein. So snøgt at Flateby, Drøbakk og Kaukasusfjella var faretrugande nære før me snudde attende mot folk og fe.


I haust fekk me servert "Stovnerkameratenes segnomspunne klubbmesterskap, minutt for minutt" av ein mann med hatt. Storsatsing i 2015 er "Der ingen skulle tru at nokon kunne trå" med Espen Aune bak spakane. Fra dagen i dag å døme kan satsinga på turar i avsidesliggjande terreng få eit heldig utfall!







Sjølv desse karane treng ei pust i bakken!


Smell og brak i isen hadde ei oppkvikkande effekt på nokon og kvar. I ei takt sjølv gutane i Lom Spelemanslag kan sjå langt etter, tråkka me mot trygg grund. Eg kjende ei kjensle av høg stemning og tilfredsstilling då me pustande og pesande trilla tohjulingane inn mot Mariholtet. Det trur eg til og med Bie var samd i. Vørterøl og heimelaga kanelbollar gjer utan unntak godt for svoltne hovud!

Eg kunne ikkje drøymt om ei meir framifrå tur!

Med beste ynskjer for det nye året,

Hanse

Ingen kommentarer: